top of page
solundlys logo 1.jpg

"Alt lys på Solund"(ALPS)

har fokus på lys som eit medium for kunst og opplevingar.
Målet med prosjektet er å skape lokalt, nasjonalt og internasjonalt engasjement for lys og visuelle uttrykk. Lys har ei sentral rolle i  ei heilskapleg utforming av ein årleg Lyskunstfestival.

Solund som stad, lys som fenomen og tematiske berøringspunkt skal danne ei plattform for teknologisk, kunstnarisk og sosial utvikling.

Festivalen skal bli ein arena med eit fortetta program for kunst og oppleving, og dei andre prosjekta skal medverke til ei langsiktig

danning av Solund som ein stad for lys.
Det skal vidare arbeidast mot å skape både eit lokalt og eit regionalt publikum, genererte i den rekkefølgja.
Det kunstnariske programmet i festivalen er samansett av to bærende deler: lys og kunst, og lyd og musikk.

 

Møteplass i november.
Utviklinga av festivalen har frå start engasjert ulike lyskunstnarar og lysdesignarar og musikarar.
Saman med lokale aktørar har vi bygget  grunnlaget for det vi er i dag.

Vi har utforska lys som fysisk fenomen eller åndelig størrelse , kvart år med ulike tema.
 

LYSKOMMUNEN

Festivalen har etablert seg som eit fast og populært arrangement ,.
Skuler og barnehage deltek med sine verk og installasjonar, det årlege tema for festivalen nyttast som utgangspunkt i undervisning.
Fleire lag og organisasjonar bidreg, det vert arrangert lokal marknad i festivalhelga, lokalt næringsliv bidreg med sponsormidlar. 


 

  • Facebook
  • Pinterest
  • Vimeo Social Ikon
  • YouTube Social Ikon
  • Instagram
alps kopi.jpg

© 2019 Gry Buer
 

VI TRENG DI STØTTE !! VIPPS #138895
bottom of page