top of page

"t r a n s i t t"

Tross regn og vind i store mengder klarte vi å gjennomføre ein fantastisk vellukka festival .

Vi er etterkvart eit tett samansveisa team der familien til Wannes utgjer ein viktig faktor for at vi skal klare å produsere ein slik festival.

Barnehage, skule og kulturskulen er som alltid viktige leverandørar av flotte kunstverk som pryda Draumeparken.

I år  starta vi lysvandringa frå hamna der vår mystiske lysdronning venta.

Spanande og vakre lyskunst-installasjonar av H.C. Gilje i Taklebua og Viel Bjerkeseth Andersen i grinda bygget gjorde, saman med grøne lys i sjøen og projektionar , hamnemiljøet til ein magisk plass.

Så gjekk meir enn 200 store og små, med lykter, i tog gjennom Storehaugen og fram til opninga og framføring av årets lysdikt frå Vigdis Ravnøy.

Vakre lysinstallasjoner og lyskunstverk, av våre belgiske vener og festivalstyret ,pryda vandringa opp til lysbaren der alle fekk smake draumedrikke.

Vi fekk og ein fantastisk konsertoppleving med Thomas Frøyen som vår mangeårige lyskonsertmeister og «trommis» i samspel med den heilt fabelaktige gitaristen Thomas Valeur. Wannes styrde profesjonelt ein vakker lyssetting mens Jean Pierre hadde full kontroll på lyd.

Laurdagen vart avslutta med Pfeizers Orchestra som spela opp til dans

langt inn i dei små små timane.

Vi fekk god hjelp av Sandra, Vegard ,Erlend, Erna, Ane, Erik ,Ronja og fam. Wannes .

Helga Marie og Gry

TAKK FOR TILSKOT OG SPONSORMIDLAR

med  støtte fra:

logo-solund.png
logo__ScaleHeightWzEyMF0.png
-Logo-Frilynt-Norge_.png
UKM_logo_bla_0300.png
1474311858.png
logo-sparebankstiftinga-liggande-2.png

BARSTEIN

SOLUND KUNSTLAG

Ordinærlogo i jpg u.adresse[78].jpg

STEINSUNDMARINESENTER

sulefisk-250.jpg
solundlys%20logo%201_edited.jpg

film av Lydia Sundal

film av Tom Erling Bahus

315227023_10222221580637009_2175947999582580764_n.jpg
  • Facebook Social Ikon
  • Pinterest
  • Vimeo Social Ikon
  • YouTube Social Ikon
  • Instagram
alps kopi.jpg

webbdwsign©Gry Buer


 

VI TRENG DI STØTTE !! VIPPS #138895

Fredag 11.november

17.30
Ansiktsmåling for barn og unge
18.15
På kaia framfor kommunehuset
Opning Lyskunstutstilling  ved ordførar Gunn Åmdal Mongstad. 
Visning i Taklebua og Grindbygget i hamna med to av dei mest kjende lyskunstnarane i landet,

HC.Gilje og Viel Bjerkeseth Andersen .
Lyskunstnarane er til stades.
Ca 18.45
Lyktevandring frå steinen i hamna via Storehaugen til Draumeparken .
Ca 19.00
Ved inngangen til Draumeparken .
Opning av lyskunstfestival og vandring i TRANSITT
der lyskunst frå barnehage, skule og kulturskulen saman med lyskunstverk og installasjonar skaper magi.
Lysfestival løypa ender på idrettsbana der vi kan prøve oss på Lysmaling i regi av Fotoklubben

 

Skafferiet er open for matservering fram til kl.21.00

 

Laurdag 12.november


12.00-15.00
Lys-Marknad på Hardbakke
Ca. 15.30
Kunstnarmøte på Skafferiet ope for alle intereserte
18.15
Konsert i Grendahuset i regi av  Thomas Frøyen og Thomas Valeur

18.00-22.00
Lyskunst i hamna og Draumeparken er open for alle heile kvelden

22.00
Skafferiet.  «Pfizers orchestra» spiller opp til dans.

Skafferiet er open for matservering fram til kl.21.00

bottom of page